Lesing av artiklar i Store norske leksikon: Ein komparativ studie av lesarane sin bruk av og haldningar til artiklar som er publiserte på høvesvis bokmål og nynorsk
MOM 2-2023 cover image
PDF

Hvordan referere

Helset, S. J., & Bukve, T. (2023). Lesing av artiklar i Store norske leksikon: Ein komparativ studie av lesarane sin bruk av og haldningar til artiklar som er publiserte på høvesvis bokmål og nynorsk . Maal Og Minne, 115(2). https://doi.org/10.52145/mom.v115i2.2215

Sammendrag

I denne studien har vi freista å kartlegge i kva grad skriftspråket i publiserte tekstar kan påverke lesinga av tekstane, og å undersøke i kva grad lesarar har ulike implisitte og eksplisitte haldningar til tekstar på bokmål og nynorsk. Det første søkte vi svar på ved å innhente tal for sidevisningar og lesetider av artiklar som har blitt omsette frå bokmål til nynorsk i Store norske leksikon (SNL) dei seinare åra. Det andre søkte vi svar på gjennom ei kvantitativ spørjegransking retta mot lesarar av 40 utvalde artiklar på bokmål og nynorsk i SNL. Den første delstudien synte at brukarane av SNL vel å lese artiklar som dei er interesserte i, uavhengig av om artikkelen er publisert på bokmål eller på nynorsk. Resultat frå spørjegranskinga synte derimot at medan det var få skilnader i implisitte haldningar til dei to skriftspråka, er skilnadene større, og i favør av bokmål, når deltakarane fekk spørsmål som direkte tematiserte dei to skriftspråka.
https://doi.org/10.52145/mom.v115i2.2215
PDF
Creative Commons License

Dette verket er lisensiert under Creative Commons Attribution-ShareAlike 4.0 International License.

Opphavsrett 2023 Forfatterne