Skule jarl, Snorre og den historiske bakgrunnen åt "Fagrskinna"
PDF

Hvordan referere

Myrvoll, K. J. (2023). Skule jarl, Snorre og den historiske bakgrunnen åt "Fagrskinna". Maal Og Minne, 115(1). https://doi.org/10.52145/mom.v115i1.2183

Sammendrag

I studiet av norrøn sogelitteratur hev det fest seg ei meining um at berre islendingar kann ha skrive kongesogor med eit fullt framvakse prosimetrum, d.e. med mange og til dels lange skaldesitat ispedde prosaen. Ein hev meint at nordmenn ikkje åtte den kunnskapen som trongst for å kunna gjera seg nytte av denne innfløkte og ikkje so lett tilgjengelege sjangeren. Når det gjeld Morkinskinna og Heimskringla, tvo av dei kongesogone som hev mest skaldekvæde, er denne teorien uproblematisk: Desse verki må i alle høve, av andre grunnar (topografiske kunnskapar, nasjonalt perspektiv), reknast for islendske. Konfrontert med Fagrskinna, derimot, melder problemi med teorien seg snøgt. Ikkje berre er båe handskriftene (kalla Fagrskinna A og B) skrivne på gamalnorsk og var i Noreg fram til dei hamna i København på 1600-talet; teksti er òg heilt klårt skrivi frå norsk synsstad og med eit norskt perspektiv på hendingane. Ein hev vilja forklåra dette med at verket vart skrive av ein islending som arbeidde i Noreg og hadde norsk uppdragsgjevar (soleis t.d. Storm 1876, Indrebø 1917). Det kann likevel ikkje tyda ut den store lokalkunnskapen forfattaren legg for dagen, serskilt um det nordanfjellske Noreg – ein kunnskap som gjeng langt utanpå «noregsvenen» Snorre Sturlasson –, og det kann heller ikkje tyda ut den sterkt patriotiske norske tendensen me finn i verket.

Denne artikkelen gjeng i rette med den vanlege syni på Fagrskinna som islendsk og viser at ho ikkje stend seg mot nærare etterprøving. Mange av dei argumenti Alfred Jakobsen (1970a) førde i marki for norsk, og meir presist trøndsk, proveniens, vert lyfte fram att og styrkte ytterlegare. Etter dette vert det freista å rekonstruera ein situasjonell logikk der det gjev fullgod meining at ein nordmann kunde ha eigna til seg dei skaldediktskunnskapane som trongst for å føra Fagrskinna i pennen. I denne rekonstruksjonen spelar både Skule jarl og Snorre Sturlasson sentrale rollor, som litterære «fadrar» for Fagskrinna-forfattaren i Nidaros i åri 1218–20.

https://doi.org/10.52145/mom.v115i1.2183
PDF
Creative Commons License

Dette verket er lisensiert under Creative Commons Attribution-ShareAlike 4.0 International License.

Opphavsrett 2023 Klaus Johan Myrvoll