"E' hel ei - e' halv ei" - om realiseringa av ubestemt hokjønnsartikkel i Oslo
Cover for Maal og minne 2-2021
PDF

Hvordan referere

Hårstad, S., & Opsahl, T. (2021). "E’ hel ei - e’ halv ei" - om realiseringa av ubestemt hokjønnsartikkel i Oslo. Maal Og Minne, 113(2). https://doi.org/10.52145/mom.v113i2.2002

Sammendrag

Studiar av genusendring i norsk har jamt over brukt mykje plass på inventaret i kategorien "ubestemt artikkel", som fleire stader viser teikn til å skrøkke frå tre til to typar. I dei fleste samanhengar vert dei tre typane refererte til som ein (m.), ei (f.) og eit (n.). Faktiske realiseringar som er subsumerte under desse typane, kan vere avgjerande i jakta på endringsforklaringar. Denne artikkelen undersøkjer korleis hokjønnsartikkelen har vore realisert i Oslo gjennom dei siste par hundre åra. Kjeldematerialet er eit breitt utval av litterære framstillingar og vitskaplege skildringar av oslomålet, og korpusdata frå nyare tid. Variasjonen som vert avdekt, er sjeldan tematisert i nyare framstillingar av genustilhøva i Oslo. Den tilsløringa som ei slik subsumering inneber, treng ikkje å ha uheldige konsekvensar for analysane av genussystemet i Oslo, men artikkelen argumenterer likevel for at eit meir nyansert medvit om variasjon i dei språklege realiseringane av artiklane er viktig for vidare genusforsking i andre dialektområde.

https://doi.org/10.52145/mom.v113i2.2002
PDF
Creative Commons License

Dette verket er lisensiert under Creative Commons Attribution-ShareAlike 4.0 International License.

Opphavsrett 2021 Hårstad og Opsahl