Sammendrag
U-omlyd i klassisk norrønt kan forståast som to synkrone prosessar: Tilfelle som kÇ«stum pres. 1. pl., jf. infinitiv kasta, kan reknast som ein vokalharmoni av typen rundingsharmoni. Tilfelle som spÇ«k, hokjønnsforma av adjektivet spakr, kan reknast som effekten av eit subsegmentalt suffiks [rund] som koplar seg på ein tilgjengeleg vokal. Manglande synkron u-omlyd ved fremre vokal, som lesum pres. 1. pl. (ikkje *løsum) og blind adj. f. (ikkje *blynd), kan forståast i lys av den markerte statusen til fremre runda vokalar. Rundingsproduktet [u] i trykklett staving, som i den andre stavinga i forma kÇ«stuðum (pret. 1. pl., jf. kastaða 1. sg.), kan behandlast som synkron vokalreduksjon innanfor ein fonotaks der [u] er einaste tillatne trykklette vokal med runding.
Dette verket er lisensiert under Creative Commons Attribution-ShareAlike 4.0 International License.
Opphavsrett 2021 Jardar Eggesbø Abrahamsen