Tidseininga fimt, eller fem dagar, og teorien om den germanske femdagarsveka
PDF

Hvordan referere

Sunde, J. Øyrehagen, & Mundal, E. (2018). Tidseininga fimt, eller fem dagar, og teorien om den germanske femdagarsveka. Maal Og Minne, 110(2). Hentet fra https://ojs.novus.no/index.php/MOM/article/view/1576

Sammendrag

Sjølv om kjeldene ikkje gjev grunnlag for å konkludera sikkert, argumenterer vi i denne artikkelen for at veka, som ei grunnleggjande tidseining, på det nordiske, og germanske, området opphavleg var fem dagar lang. Kjeldegrunnlaget for eldre nordisk historie er som oftast nedskrive tidlegast på 1100- og 1200-talet. Likevel finn vi i Íslendingabók og i norrøn dikting klare indikasjonar på at det har funnest ei femdagarsveke, i alle høve på andre sida av 1000 års-skiftet. Men det er femdagarsfristen i lovene som sterkast indikerer eksistensen av ei femdagarsveke. I Landslova av 1274 og i alle eldre rettstekstar er fem ei grunnleggjande tidseining. Femdagarsveka kunne knytast til både måne- og solsyklusen. Sjudagarsveka var nok kjend i Noreg alt i heidensk tid, og ho kunne knytast til syklusen for flo og fjøre. Ho fekk i alle høve innpass med kristninga fordi ho òg var ei grunnleggjande teologisk og liturgisk tidseining. Det er difor påfallande at sjudagarsveka knapt er nytta som tidseining i desse eldre rettstekstane. Derimot finn vi ordningar som skal avhjelpa at bruk av femdagarsfristen kan gjera at rettsforhandlingar fell på søndag, noko som elles ville koma i konflikt med heilagdagshaldet. Fem er likevel i mindre grad nytta som tidseining i Landslova av 1274 enn i eldre rettstekstar.
PDF

Forfattere beholder opphavsretten og gir tidsskriftet rett til første publisering av arbeidet. En Creative Commons-lisens (CC BY-SA 4.0)  gir samtidig andre rett til å dele arbeidet med henvisning til arbeidets forfatter og at det først ble publisert i dette tidsskriftet.