Sammendrag
Artikkelen drøftar i kva grad den nye normalen for nynorsk samsvarar med dei operative normene som nedfeller seg i nyare normberande tekstar innanfor den nynorske skriftkulturen. Dét er nemleg eit sentralt spørsmål, sidan rettskrivingsnemnda bak 2012-norma tolka mandatet sitt dit at normeringa først og fremst skulle skje på grunnlag av nyare skriftspråkleg tradisjon og praksis, og sidan offisiell norsk språkpolitikk no tilseier at det vesentlege grunnlaget for normering av skriftspråket er språket slik det ser ut i nynorsk tekst, med særleg vekt på tekstar som blir vurderte som normdannande. Som grunnlag for drøftinga blir det lagt fram resultat frå ein korpuslingvistisk studie der statistisk korrespondanseÂanalyse blei brukt for å kartlegge normklynger av ulike subvarietetar av det nynorske skriftspråket. Hovudkonklusjonen er at det eksisterer ei slik normklynge av det ein kan karakterisere som moderat nynorsk, og at den nye normalen legg seg opp mot ein slik midtlinjenynorsk, men at ein ved komande rettskrivingsendringar nok bør gå lenger i den leia dersom den fastsette norma skal byggje på dei operative normene som nedfeller seg i nyare normberande tekstar.Forfattere beholder opphavsretten og gir tidsskriftet rett til første publisering av arbeidet. En Creative Commons-lisens (CC BY-SA 4.0)Â gir samtidig andre rett til å dele arbeidet med henvisning til arbeidets forfatter og at det først ble publisert i dette tidsskriftet.