Sammendrag
Artikkelen er ein empirisk studie i kva for språklege former som blir rekna som høvesvis konservative, moderate og radikale i nynorsk skriftspråk mellom eit utval kompetente nynorskbrukarar. Samstundes syner artikkelen kva for former dei same nynorskbrukarane seier at dei brukar sjølve. Konklusjonen er at det er stor konsensus mellom respondentane om kva for former som fell under dei nemnde kategoriane for nokre av dei granska språklege fenomena, medan det er langt mindre konsensus for andre, og vidare at det er ein klar tendens til at respondentane rapporterer at dei brukar moderate former.Forfattere beholder opphavsretten og gir tidsskriftet rett til første publisering av arbeidet. En Creative Commons-lisens (CC BY-SA 4.0)Â gir samtidig andre rett til å dele arbeidet med henvisning til arbeidets forfatter og at det først ble publisert i dette tidsskriftet.