Ei boksamling frå reformasjonstida og norsk litterær kultur i seinmellomalderen
PDF

Hvordan referere

Berg, I. (2016). Ei boksamling frå reformasjonstida og norsk litterær kultur i seinmellomalderen. Maal Og Minne, 108(1). Hentet fra https://ojs.novus.no/index.php/MOM/article/view/1263

Sammendrag

Det er få kjelder til kva bøker som vart lesne i Noreg i seinmellomalderen, men ei liste over boksamlinga åt domkapittelet i Trondheim ikring 1550 gjev eit unikt innsyn i norsk bokhistorie ved utgangen av mellomalderen og viser mellom anna at fleire renessansehumanistar var kjende her nord. Denne kjelda til latinkulturen vert sett i samband med det me veit om folkemålskulturen, både original litteratur og bruken av norrøne handskrifter. Dei norske tilhøva vert så jamførte med Island for å sjå etter faktorar som kan forklara skilnader mellom landa i tekstproduksjon og lesing. I ein breiare kulturhistorisk kontekst gjev ei oppvurdering av den munnlege kulturen saman med vekt på den moderne importerte litteraturen boklista fortel om, grunnlag for å revurdera den einsidige oppfatninga av seinmellomalderen som ei kulturell nedgangstid i Noreg.
PDF

Forfattere beholder opphavsretten og gir tidsskriftet rett til første publisering av arbeidet. En Creative Commons-lisens (CC BY-SA 4.0)  gir samtidig andre rett til å dele arbeidet med henvisning til arbeidets forfatter og at det først ble publisert i dette tidsskriftet.