Innleveringer
Innlogging eller Registrer for innlevering.

Sjekkliste for innleveringen

Forfatteren må krysse av for at innleveringen oppfyller kravene som listes under. Innleveringer som ikke oppfyller disse, kan bli returnert til forfatteren.

Forfatterinstruks

Musikk og tradisjon ønskjer å presentera breidda i norsk og skandinavisk folkemusikkforsking, og tar imot artiklar med ulike perspektiv på tradisjonell musikk og dans som eit breitt definert felt. Artiklane kan vera musikkvitskaplege i tradisjonell forstand, eller ha eit kultur- eller samfunnsvitskapleg utgangspunkt. Dei kan vera historisk orienterte eller setja søkjelys på samtida, og leggja til grunn empiriske og/eller teoretiske perspektiv.

Musikk og tradisjon er eit fagfellebasert vitskapleg tidsskrift. To eksterne fagfellar går igjennom tekstane for å sikra den faglege kvaliteten. Dei gir tilbakemeldingar til forfattarane for eventuelt å vidareutvikla artiklane. Fagfellane vil òg tilrå om artiklane skal trykkast eller ikkje.

Ta gjerne kontakt for spørsmål eller informasjon om aktuelle artiklar. Manuskripta må sendast til redaktøren innan 1. april.

 

Krav til manuskriptet

Teksten kan vera på nynorsk, bokmål, svensk, dansk eller engelsk. I tillegg til sjølve teksten skal manuskriptet til ein artikkel innehalda følgjande: tittel, engelsk samandrag (ca. 10-15 linjer), referanseliste/kjeldeliste, eventuelle fotnotar og forfattaropplysningar (namn, e-postadresse og kort biografi). Manuskriptet bør ikkje vera på meir enn 6000 ord når alt er medrekna. Eventuelle unntak må avtalast med redaksjonen.

Manuskripta skal sendast som vedlegg i e-post. Det er viktig at me òg får teksten i pdf-format eller som utskrift send i posten. Slik sikrar me at me får med alt forfattaren ønskjer av teiknsetjing, kursivering og liknande.

 

Standard for teksten

Skriv i Word-format, helst med fonten Times New Roman, 12 punkt, med dobbel linjeavstand.

Ikkje bruk kommentarar, tekstboksar og endringssporing.

Bruk berre rett venstremarg, ikkje orddelingsfunksjon eller faste sideskift.

Bruk berre to tittelnivå: hovudtittel og undertittel.

Avsnitt skal markerast med dobbelt linjeskift.

Bruk færrast mogleg formateringar.

Utheving av ord skal gjerast med bruk av kursiv, ikkje understreking.

Sitat skal merkast med hermeteikn og ikkje stå i kursiv. Lengre sitat skal skiljast frå teksten med eit innrykk frå venstre marg pluss blank linje over og under.

 

Fotnotar og referansar

Det er ønskjeleg med så få og korte fotnotar som mogleg. Desse skal plasserast som fotnotar i Word. Referansar/litteraturtilvisingar skal stå i sjølve teksten, med forfattarnamn, publiseringsår og eventuelle sidetilvisingar i parentes, som i desse døma:

«Som også tidligere forskning har vist (Blom 1969)»

«som viser en tydelig forbindelseslinje (Omholt 2009: 294-297).»

«i tillegg til andre spredningsmønstre (ibid.).»

«Dette stemmer også med undersøkelsene til Ramsten (1992).»

 

Liste over litteraturreferansar skal samlast til slutt og skal ordnast alfabetisk i følgjande format:

Bok/monografi:

Graff, Ola 2005. Av det raudaste gull: Tradisjonsmusikk i nord. Stamsund: Orkana forlag.

 

Artikkel i tidsskrift:

Gjertsen, Ingrid 2001. «Et enkeltbidrag til belysning av slektskapet mellom etnisk minoritet og majoritet i tradisjonell sang». Norsk Folkemusikklags skrift 14 (2000): 12-22.

Rice, T. 1987. «Toward the remodeling of Ethnomusicology». Ethnomusicology 31/3: 469-488.

 

Artikkel/kapittel i bok:

Sevåg, Reidar 1993. «Toneartspørsmålet i norsk folkemusikk», i B. Aksdal, og S. Nyhus (red.), Fanitullen. Innføring i norsk og samisk folkemusikk: 342-376. Oslo: Universitetsforlaget.

Internett:

Kvernberg, Jorun Marie, og Frode Rolandsgard 2006. Folkemusikken og Tono. [Online] Ballade. MICs nettavis. URL: http://www.mic.no/nmi.nsf/ doc/art2006030708343782379034 [Hentet 1.9.2009].

 

Fonogram:

Garnås, Agnes Buen 1992. Draumkvedet. Kirkelig kulturverksted, FXCD 83.

 

Illustrasjonar

Det er alltid ønskjeleg med gode illustrasjonar, og me vil oppmoda forfattarar til å finna biletstoff som kan supplera teksten. Me kan ta imot bilete skanna, helst i svart/kvitt som tif/jpg med ikkje mindre enn 240 dpi i rett storleik, eller slik at dei er klare til å verta skanna. Marker tydeleg kor illustrasjonane skal plasserast i teksten. Det same gjeld noteeksempel. Det er òg viktig at alle filnamn er tydelege slik at illustrasjonane lett kan identifiserast. Artikkelforfattarane har sjølv ansvar for å innhenta løyve frå eventuelle rettsinnehavarar til illustrasjonane.

 

Og heilt til slutt …

Forfattarar får tilsendt tre eksemplar av skriftet. I tillegg kan dei tinga fleire eksemplar til redusert pris.

 

Manuskript skal sendast til redaktøren.

 

Manusfrist: 1. april.

 

Velkomen som bidragsytar i Musikk og tradisjon!

 

Sveinung Søyland Moen, redaktør

E-post: sveinung.s.moen@gmail.com

Telefon: (+ 47) 975 94 932

Artikler

##section.default.policy##

Erklæring om personvern

Navn og e-postadresser som skrives inn til dette tidsskriftet og nettstedet vil kun bli brukt for de formålene som er oppgitt for tidsskriftet eller som følger av gyldig rettslig pålegg, og vil ikke bli gjort tilgjengelig verken for andre formål eller for uvedkommende.