Kva fortel kjeldene om innovasjonen dl i norsk?
PDF

Hvordan referere

Røsstad, R. (2013). Kva fortel kjeldene om innovasjonen dl i norsk?. Maal Og Minne, 103(2). Hentet fra https://ojs.novus.no/index.php/MOM/article/view/329

Sammendrag

Innovasjonen dl i vestnorsk er blitt forklart på ulike måtar og tidfest til ulike tider. Det har mellom anna vore mykje uvisse om overgangen tok til ved gno. rl eller gno. ll. Likevel har ein etter Hægstads arbeid med vestnorske målføre arbeidd lite med kjeldegrunnlaget for dette. Artikkelen byggjer på ei gransking av særleg skrivemåtar av gardsnamn, som i denne samanhengen har fått lite merksemd. Målet er å få djupare innsikt i utviklinga av innovasjonen, spørsmål som gjeld oppkomst og spreiing. Med til problemstillinga høyrer også den vidare overgangen til dd, som skjedde på Agder og i Telemark. Granskinga viser at overgangen ll > dl helst oppstod tidleg i seinmellomalderen eller før, og vidare at det ikkje er grunnlag for å hevde at overgangen rl (> ll) > dl er eldre enn ll > dl. Det går tydeleg fram av kjeldene at innovasjonen har hatt vanskeleg for å sleppe til i skrift, særleg når opphavet var ll.
PDF

Forfattere beholder opphavsretten og gir tidsskriftet rett til første publisering av arbeidet. En Creative Commons-lisens (CC BY-SA 4.0)  gir samtidig andre rett til å dele arbeidet med henvisning til arbeidets forfatter og at det først ble publisert i dette tidsskriftet.