Sammendrag
Det er ei utbreidd oppfatning at nordnorsk har apokopeinfinitiv i sør, og så e-infinitiv frå Ofoten og nordre Vesterålen. Slik kan det ikkje ha vori så svært lenge. På indre Midt-Helgeland har infinitiven til dels enno -a (-æ) føre pause. Slik syntaksavhengig a-infinitiv var det truleg i heile landsdelen før, utanom Rana og Sør-Helgeland, som hadde jamvekt, noko eg vil argumentere for i denne artikkelen. Dette er ein ny idé, men vitnemål om eldre a-infinitiv finst enno i regler og vers i alle fall i Sør-Troms og på Andøya.Forfattere beholder opphavsretten og gir tidsskriftet rett til første publisering av arbeidet. En Creative Commons-lisens (CC BY-SA 4.0)Â gir samtidig andre rett til å dele arbeidet med henvisning til arbeidets forfatter og at det først ble publisert i dette tidsskriftet.