Bokmål eller nynorsk - er det spørsmålet?
PDF

Hvordan referere

Hernes, R. (2013). Bokmål eller nynorsk - er det spørsmålet?. Maal Og Minne, 104(2). Hentet fra https://ojs.novus.no/index.php/MOM/article/view/306

Sammendrag

Mange elevar med nynorsk som opplæringsmål skiftar hovudmål når dei blir gamle nok til å velja sjølve. Dette fenomenet blir kalla for 'den nynorske lekkasjen', og er blitt dokumentert gjennom ei rekkje spørjeundersøkingar. Vi har altså ein del kunnskap om kva norske språkbrukarar reknar som hovudmål, men vi veit lite om samanhengen mellom sjølvrapportert hovudmål og faktisk val av målform i ulike typar skrivesituasjonar. Den utbreidde bruken av dialekt og blandingsspråk i uformelle skrivesituasjonar er òg eit tema som i liten grad er blitt teke med i diskusjonen om 'den nynorske lekkasjen'. I denne artikkelen blir det drøfta kva som gøymer seg bak og under dei enkle merkelappane 'bokmålsbrukar' og 'nynorskbrukar'. Artikkelen drøftar òg kvifor språkbrukarar skriv som dei gjer i ulike situasjonar. Dei to stikkorda meistring og identitet viser seg å vera sentrale her. Artikkelen er basert på ei undersøking som blei gjennomført hausten 2010 ved Høgskulen i Bergen. 105 lærarstudentar deltok i ei enkel spørjeundersøking, 6 av desse deltok òg i ei kvalitativ oppfølgingsundersøking.
PDF

Forfattere beholder opphavsretten og gir tidsskriftet rett til første publisering av arbeidet. En Creative Commons-lisens (CC BY-SA 4.0)  gir samtidig andre rett til å dele arbeidet med henvisning til arbeidets forfatter og at det først ble publisert i dette tidsskriftet.