Sammendrag
Hallfrid Christiansens Norske målførekart frå 1969 står sentralt i norsk dialektologi. Karta syner utbreiinga av velkjende einskildfenomen i talemålet, og dei har vore eit viktig grunnlag for kart i mange fagbøker og lærebøker sidan. Siktemålet for artikkelen er å finne fram til kva for kjelder desse karta byggjer på, og med det få ei betre forståing av nokre sentrale sider ved den dialektologiske kunnskapen og korleis denne kunnskapsmassen er blitt til over tid. Granskinga er avgrensa til Vest-Agder fylke og nokre utvalde kart i HC69: kart for endings-vokalismen i bunden form eintal av hokjønnsord, utviklinga av gno. ll og "Oppmyking av p t k" (lenisering). Utforminga av desse karta blir jamført med dei kjeldene for geografisk tale-måls-variasjon i Vest-Agder som låg føre i 1969. Denne jamføringa viser mange avvik mellom kjeldene og karta, og det er vanskeleg å slå fast kva som har vore datagrunnlaget for utteikninga av dei.
Forfattere beholder opphavsretten og gir tidsskriftet rett til første publisering av arbeidet. En Creative Commons-lisens (CC BY-SA 4.0)Â gir samtidig andre rett til å dele arbeidet med henvisning til arbeidets forfatter og at det først ble publisert i dette tidsskriftet.