Sammendrag
Artikkelen følger utviklinga av skriveferdigheiter hos fem elevar, tre med bokmål og to med nynorsk som hovudmål, i perioden informantane var ele-var frå sjette til tiande trinn i grunnskulen. Primærmaterialet er skuletekstar, samla inn i samarbeid med Normprosjektet (2012-2016). Hovudfokuset i artikkelen er rettskrivingsutviklinga i hovudmål. Målet med studien er å kome nærmare eit svar på kvifor elevar med nynorsk som hovudmål ser ut til å ha fleire rettskrivingsavvik enn elevar med bokmål som hovudmål. I analysen blir talemålsnær skriving og bokmål trekte fram som vesentlege for denne tendensen. Mot slutten blir ein ny og utvida analysemodell for normavvik presentert, der ulike former for sidemålssamanfall er skilde ut som eigne kategoriar.Forfattere beholder opphavsretten og gir tidsskriftet rett til første publisering av arbeidet. En Creative Commons-lisens (CC BY-SA 4.0)Â gir samtidig andre rett til å dele arbeidet med henvisning til arbeidets forfatter og at det først ble publisert i dette tidsskriftet.