Segmentasjon eller motivert epentese?
PDF

Hvordan referere

Røsstad, R. (2019). Segmentasjon eller motivert epentese?. Maal Og Minne, 111(1). Hentet fra https://ojs.novus.no/index.php/MOM/article/view/1656

Sammendrag

Den vestnorske lydendringa ll > dl er rekna for å vere ein 'segmentasjon' og står i eit uvisst forhold til overgangen rl (> ll) > dl, som tradisjonelt er rekna som ein 'differensiasjon'. Lydendringane er forsøkt forklarte på ulike vis, og særleg problematisk synest ll > dl å vere. Forfattaren argumenterer for at det å sjå overgangen som ein 'epentese' er meir klargjerande ved at han blir sett på som resultat av koartikulasjon og såleis som ei fonetisk motivert lydendring. Vidare undersøker forfattaren om og korleis overgangane kan forklarast innanfor to teoretiske rammeverk som kombinerer fonetisk basis og kognisjon: artikulatorisk fonologi (representert ved Garmann 2010) og John J. Ohalas teori om hypokorreksjon og hyperkorreksjon. Konklusjonen er at desse teoriane ikkje gjev fullgode svar, og særleg utfordrande er det å beskrive den kognitive prosessen. Likevel synest dei to tilnærmingsmåtane som fruktbare forsøk på å forstå korleis lydendringane oppstod.
PDF

Forfattere beholder opphavsretten og gir tidsskriftet rett til første publisering av arbeidet. En Creative Commons-lisens (CC BY-SA 4.0)  gir samtidig andre rett til å dele arbeidet med henvisning til arbeidets forfatter og at det først ble publisert i dette tidsskriftet.