Om verbplassering og verbmorfologi i amerikanorsk
PDF

Hvordan referere

Eide, K. M., & Hjelde, A. (2018). Om verbplassering og verbmorfologi i amerikanorsk. Maal Og Minne, 110(1). Hentet fra https://ojs.novus.no/index.php/MOM/article/view/1529

Sammendrag

Denne artikkelen undersøker tilhøvet mellom verbbøying og ordstilling i ein språkkontaktsituasjon der norsk er det eine språket og engelsk det andre. Meir spesifikt er datatilfanget henta frå fleire datasett med opptak av norskamerikanarar i den amerikanske Midtvesten, og opptaka spenner over 70 år og tre generasjonar. Dette gir høve til å studere korleis denne kontaktvarieteten endrar seg over tid med omsyn til dei fenomena som er tema i artikkelen. Artikkelen er slik eit bidrag til eit område av norsken som er lite utforska, men han tar òg mål av seg til å kaste lys over meir generelle problemstillingar innanfor språkkontakt, tospråklegheit, og den formalteoretisk retta lingvistikken under den retninga som vert omtala som "biolingvistikk". Utgangspunktet vårt i denne artikkelen vil særleg vere å sjå på språkkontakt som eit mentalt fenomen, der kontakten primært skjer i sinnet til språkbrukaren.
PDF

Forfattere beholder opphavsretten og gir tidsskriftet rett til første publisering av arbeidet. En Creative Commons-lisens (CC BY-SA 4.0)  gir samtidig andre rett til å dele arbeidet med henvisning til arbeidets forfatter og at det først ble publisert i dette tidsskriftet.