Sammendrag
I artikkelen blir det identifisert norske eksponentar for dei semantiske grunneiningane ein opererer med i Naturleg semantisk metaspråk (NSM), og noko av det vitskapsteoretiske grunnlaget for metaspråket blir diskutert. Sjølv om identifiseringa av eksponentane ikkje er uproblematisk, blir det argumentert for at metaspråket er eit godt verktøy for eksplisitte og presise semantiske analysar. Dette blir eksemplifisert gjennom korpusbaserte analysar av valenskonstruksjonane til to utvalde fleirverdige adjektiv i norsk, og det blir argumentert for at eit semantisk metaspråk av typen NSM kan vera eit viktig supplement til nettverksmodellen og andre typar av diagramÂmatiske representasjonar som ein opererer med i kognitiv lingvistikk.Forfattere beholder opphavsretten og gir tidsskriftet rett til første publisering av arbeidet. En Creative Commons-lisens (CC BY-SA 4.0)Â gir samtidig andre rett til å dele arbeidet med henvisning til arbeidets forfatter og at det først ble publisert i dette tidsskriftet.