Ei boksamling frå reformasjonstida og norsk litterær kultur i seinmellomalderen

Ivar Berg

Sammendrag


Det er få kjelder til kva bøker som vart lesne i Noreg i seinmellomalderen, men ei liste over boksamlinga åt domkapittelet i Trondheim ikring 1550 gjev eit unikt innsyn i norsk bokhistorie ved utgangen av mellomalderen og viser mellom anna at fleire renessansehumanistar var kjende her nord. Denne kjelda til latinkulturen vert sett i samband med det me veit om folkemålskulturen, både original litteratur og bruken av norrøne handskrifter. Dei norske tilhøva vert så jamførte med Island for å sjå etter faktorar som kan forklara skilnader mellom landa i tekstproduksjon og lesing. I ein breiare kulturhistorisk kontekst gjev ei oppvurdering av den munnlege kulturen saman med vekt på den moderne importerte litteraturen boklista fortel om, grunnlag for å revurdera den einsidige oppfatninga av seinmellomalderen som ei kulturell nedgangstid i Noreg.

Fulltekst:

PDF

Innkommende lenker

  • Det er p.t. ingen innkommende lenker.


ISSN 1890-5455

Creative Commons-lisens

Innholdet på dette nettstedet er lisensieret under en Creative Commons Navngivelse-DelPåSammeVilkår 4.0 Internasjonal lisens.