Sammendrag
Denne artikkelen undersøker korleis den fastsette norma om valfri samsvarsbøying av svake partisipp blir oppfatta av nynorske respondentar i akseptabilitetsvurderingsstudiar og handtert av nynorske tekstskrivarar i korpusstudiar. Ifølge Vikør (1994, s. 66–68) er ei fastsett norm ei objektiv språkoppfatning som er vedteken av eit språkorgan, medan ei internalisert norm er ei subjektiv språkoppfatning som varierer frå individ til individ. Artikkelen undersøker om den fastsette norma om valfri samsvarsbøying av svake partisipp i predikative stillingar er blitt internalisert hos respondentane og tekstskrivarane, og korleis dei oppfattar og handterer valfrie grammatiske mønster. Studien viser at respondentane i akseptabilitetsvurderingsstudien aksepterer den samsvarsbøygde forma i større grad enn den ikkje-samsvarsbøygde forma, medan tekstskrivarane i korpusstudien viser noko meir bruk av den ikkje-samsvarsbøygde forma.Dette verket er lisensiert under Creative Commons Attribution-ShareAlike 4.0 International License.
Opphavsrett 2024 Berit Fjermestad