Nye ord i ei ny verd: Kodeveksling i romanar om nordmenn og svenskar i Amerika
PDF

Hvordan referere

Kongslien, I. (2012). Nye ord i ei ny verd: Kodeveksling i romanar om nordmenn og svenskar i Amerika. Norsk Lingvistisk Tidsskrift, 30(2). Hentet fra https://ojs.novus.no/index.php/NLT/article/view/210

Sammendrag

Artikkelen handlar om kodeveksling i skjønnlitteratur og tek opp tekstar av tre ulike forfattarar for å drøfte dette. O.E. Rølvaag blir rekna som den fremste av dei norsk-amerikanske forfattarane i Midtvesten, så hans innvandrarepos skrive på 1920-talet er utgangspunktet. Den svenske forfattaren Vilhelm Moberg skreiv på 1950-talet sitt epos om svenske innvandrarar til Minnesota der han brukar stadig meir kodeveksling utover i verket for å skape eit truverdig bilete av utviklinga og karakterane. Bøkene førte til ein heftig diskusjon mellom lingvisten Einar Haugen og diktaren Vilhelm Moberg om dette språket. Debatten inneheld heilt sentrale perspektiv på skjønnlitteratur og kodeveksling. Ein samtidig av Rølvaag i det norsk-amerikanske miljøet blir så trekt fram, Johannes B. Wist, som er særleg lydhøyr overfor blandingsspråket og nyttar det som viktig element i person- og miljøskildringa. Hovudfokus i artikkelen er ei undersøking av korleis kodeveksling i ein kontaktsituasjon mellom to språk kan nyttast kunstnarleg i narrativar om migrasjon og kulturmøte.
PDF

Forfattere beholder opphavsretten og gir tidsskriftet rett til første publisering av arbeidet. En Creative Commons-lisens (CC BY-SA 4.0) gir samtidig andre rett til å dele arbeidet med henvisning til arbeidets forfatter og at det først ble publisert i dette tidsskriftet.