Sammendrag
Artikkelen presenterer ein studie av samanhengen mellom syntaktisk kompleksitet og ferdigheitsnivå basert på 120 tekstar fordelte på fire ferdigheitsnivå (A2-C1) etter Det felles europeiske rammeverket for læring, undervisning og vurdering av språk (Utdanningsdirektoratet 2011). Utgangspunktet for analysen er CAF-tradisjonen (Complexity, Accuracy, Fluency); særleg funn i tre tidlegare norske studiar av syntaktisk kompleksitet og korrektheit (Moe 2013, Berggreen og Sørland 2016, Sørensen 2017). Ved hjelp av ulike statistiske metodar finn eg at det er ein signifikant positiv samanheng mellom setningslengd og rammeverksnivå, fraseutbygging og rammeverksnivå og mellom korrektheit og rammeverksnivå, og at det er ein signifikant negativ samanheng mellom rammeverksnivå og høvesvis sidestilt koordinasjon og underordning. Eit viktig funn er at modellen først og fremst estimerer sannsynet for plassering på nivå B1 og B2. Eit unntak er målet på korrektheit, som også skil godt mellom dei øvste nivåa (B2 og C1).
Dette verket er lisensiert under Creative Commons Attribution-ShareAlike 4.0 International License.
Opphavsrett 2021 Ann-Kristin Helland Gujord