Adjektivlæring hos vaksne innlærarar av norsk - ein empirisk studie
NLT 1-2021 Andrespråkstilegnelse
PDF

Hvordan referere

Olsen, A.-M. K. (2021). Adjektivlæring hos vaksne innlærarar av norsk - ein empirisk studie. Norsk Lingvistisk Tidsskrift, 39(1). Hentet fra https://ojs.novus.no/index.php/NLT/article/view/1971

Sammendrag

Denne artikkelen utforskar empirisk nokre sider ved læring og bruk av adjektiv hos vaksne innlærarar av norsk som andrespråk. Han er basert på ein kvantitativ tverrsnittstudie av adjektivbruken i 300 tekstar frå Norsk andrespråkskorpus. Eg har samanlikna innlærarmaterialet med tekstar skrivne av førstespråksbrukarar av norsk og i tillegg sett etter samanhengar mellom adjektivbruken og nokre bakgrunnsvariablar. Som mål på adjektivbruken har eg valt frekvens, noko som er motivert av eit bruksbasert teoretisk fundament. Eg ser ein skilnad mellom andrespråksbruken og førstespråksbruken ved at innlærartekstane har ein lågare adjektivfrekvens og mindre variasjon i adjektivbruken sin enn tekstane frå kontrollkorpuset. Vidare er det skilnader mellom innlærarar med tre ulike førstespråksbakgrunnar (somali, tysk og vietnamesisk) som kan tyde på tverrspråkleg påverknad mellom førstespråket og norsk. Det er ikkje sikkert grunnlag for å seie at adjektivfrekvensen varierer med tekstane sitt nivå etter Det felles europeiske rammeverket for språk eller utdanningsbakgrunnen til informantane i denne studien. Det overordna bildet som teiknar seg av adjektivbruken, er den omfattande individuelle variasjonen, noko som er eit venta trekk i innlærarspråk og som finn klangbotn i det teoretiske grunnlaget.

PDF
Creative Commons License

Dette verket er lisensiert under Creative Commons Attribution-ShareAlike 4.0 International License.

Opphavsrett 2021 Anna-Marie Kjøde Olsen