Sammendrag
Dette festskriftet ærar professor Svein Lie i samband med at han blei 70 år og pensjonist. I ein mannsalder har Lie vore ein aktiv forskar, spesielt innanfor nordisk grammatikk. Bøkene "Innføring i norsk syntaks" og "Norsk referansegrammatikk" er nok dei viktigaste verka som blir ståande, og dei har prega og vil prege mange studentar og forskarar i åra som kjem, inkludert underteikna.Dette festskriftet inneheld ei rad med gode bidrag som alle er relatert til område som Lie har vore interessert i. Redaktørnamna gjer at ein tenkjer på storverket "Norsk referansegrammatikk", sidan begge samarbeidspartnarane til Lie er med som redaktørar. Resultatet har blitt ei omfangsrik bok på nesten 350 sider. Boka består av eit forord, tabula gratulatoria, og 19 faglege bidrag. I tillegg har redaktørane til slutt inkludert "Svein Lies publikasjoner i utvalg". Boka inneheld få redigeringsfeil - den mest graverande er truleg feil linjeskift på side 8 i forordet. Det er i det heile eit solid verk med mykje interessant for alle som er interessert i grammatikk.I denne meldinga vil eg i hovudsak gi ei kort oppsummering av kvart kapittel. Til slutt kjem det ei kort oppsummering.Forfattere beholder opphavsretten og gir tidsskriftet rett til første publisering av arbeidet. En Creative Commons-lisens (CC BY-SA 4.0) gir samtidig andre rett til å dele arbeidet med henvisning til arbeidets forfatter og at det først ble publisert i dette tidsskriftet.