Annette Lassen 2011: Odin på kristent pergament. En teksthistorisk studie

Eldar Heide

Sammendrag


Utgangspunktet for denne boka er at kjeldene samanlagt gjev eit svært komplekst bileíte av Odin. Derfor har Lassen gått gjennom Odin-framstellingane i alle dei norrøne mellomaldertekstane og Saxo, sjanger for sjanger og verk for verk, for å finne ein måte å forklare kompleksiteten på. Ho startar med forskingshistoria og kjem fram til at ââ¬Åde forskellige hypoteser om Odin gennem tiden fortæller mere om de skiftende paradigmer end om guden selvââ¬Â (s. 75). Det vil ho ta konsekvensen av: ââ¬ÅFor at undgå metodisk eller fagligt givne tolkninger går jeg i denne studie ad fontesââ¬Â, seier ho, og undersøker Odin ââ¬Åi den kontekst, som han indgår i i de forskellige teksterââ¬Â (s. 77). Målet er å forstå ââ¬Åden betydning Odin tillægges i kristen tidââ¬Â (s. 78), altså å forstå høgmellomalderen sine skildringar av Odin, eller, meir presis, men tyngre forståeleg: å forstå Odin i den høgmellomalderlege tekstkulturen (klårast s. 80). Det er der vi må starte, også i gransking av mytologiske emne, seier Lassen, for kjeldene er skrivne i kristen tid, og då er dei ââ¬Åi en eller anden udstrækning ... bearbejdet af kristne forfattere, hvormed deres sandhedsværdi i forhold til den førkristne verden er begrænset. ... Overleveringen og den litterære bearbejdning af teksterne må derfor anses for ... grundlæggende ... i en undersøgelse af førkristne figurer og fortællingerââ¬Â (s. 79). Samtidig seier Lassen at ho stoppar der; granskinga er ââ¬Åhverken oprindelsessøgende eller religionshistoriskââ¬Â (s. 18, jf. 79â81, 391). Ho er visst ikkje negativ til religionshistorisk bruk av tekstane, men seier den sida av saka ââ¬Åkan ââ¬Â¦ først komme i betragtning, når den tekstlige fremstilling er gransketââ¬Â (s. 391). Ho meiner altså at vi, med granskingar som denne avhandlinga, skal begynne med å skrelle vekk den kristenlærde innblandinga frå tekstane, og fyrst etter det kan vi bruke tekstane som kjelder til den førkristne Odin.

Fulltekst:

PDF

Innkommende lenker

  • Det er p.t. ingen innkommende lenker.