Forord fra en gründer
PDF (Norsk Bokmål)

How to Cite

Hompland, A. (2011). Forord fra en gründer. Sosiologi I Dag, 40(3). Retrieved from https://ojs.novus.no/index.php/SID/article/view/980

Abstract

Hausten 1971 heldt vi til rundt pauserommet på sosiologi i sjuande etasje i SV-bygget og dreiv på med mellomfag eller noe deromkring. Trygve Solheim og eg var ganske aktive i det studentsosiale og studentfaglige miljøet. Olav Røsset var også med, men han hadde andre planar: Han ville bli forleggar. Trygve budde på same gang som Olav og Kari på Sogn. Eg hadde vore sommarvikar i Dagbladet og kunne mistenkast for å ha publisistisk erfaring. Derfor blei vi den første redaksjonen i Sosiologi i dag. Men det heile var Olavs verk: Han hadde trongen, han hadde ideen, han hadde konseptet, og han gjorde jobben.
Eg har drive noen nostalgiske utgravingar i arkivet mitt ved dette jubileet, og det er meget påfallande kor aktive relativt ferske studentar var i dei åra. I vårsemesteret i det herrens år 1968 starta ein gjeng førstesemester grunnfagstudentar "Socius"-  som organ for Eilert. Annonseakkvisitrisa Gro Hagemann var unntaket, for ho var i andre semester. Med solid skuleavisbakgrunn var Lars Groth redaktør til han blei feia ut av noe som kan ha vore eit ordinært ml-kupp. Sosiologien forsvann frå bladet; det blei eit revolusjonært kamporgan og gjekk inn året etter. Og det var først fleire år seinare at først Trygve Solheim og så eg begynte å stasa opp medlemsskriva frå Sosiologforeninga og sette namnet "Sosiolog-nytt" som logo på den stensilerte lurvelefsa. Tidsskrift for samfunnsforskning var i ein annan divisjon og Acta i ein heilt annan sfære.
Det var altså eit tomrom å gå inn i, og Sosiologi i dag skulle fylla det med faglig og fagpolitisk debatt for den veksande familien av sosiologar Norge rundt. Pluss faglige kortartiklar av engasjerte studentar og yngre kandidatar utanfor det etablerte sjiktet og under det meriterande nivået. Litt som ein øvingsbane.
Det balla ganske raskt på seg. Ambisjonane og nivået og kvalitetskriteria auka. Nå er vel Sosiolog-nytt omtrent der Sosiologi i dag begynte. Mens Sosiologi i dag er der Tidsskrift for samfunnsforskning skulle ha vore. Og Sosiologisk tidsskrift har kome til for å ta unna det publiseringsverdige frå dei som ikkje vil perish, men halda orden på tellekantane. Slik er tidsskriftenes gang. Nye må koma til for å fylla romet når andre løftar seg opp.
Eg forsvann ut av redaksjonen etter to nummer. Eg hadde vel gjort mitt. EEC-kampen kravde også sitt, og nye sommarvikariat. Men den viktigaste grunnen var teknologisk. Olav ville driva-  vertikal integrasjon og hadde Novus i sikte. Han kjøpte offsetmaskin som han kalla Scan-trykk og installerte på hybelen på Sogn. Den var plassert på eit under av skreddarsaum med tilpassa skuffer og samanleggbare klaffar slik at heile greia kunne faldast saman og stuvast bort i eit hjørne.
Slik agerer ein handyman av ein gründar. Og resten er andres historie og ikkje mi.
PDF (Norsk Bokmål)

Authors who publish with this journal agree to the following terms:

 

  1. Authors retain copyright and grant the journal right of first publication, with the work 1 year after publication simultaneously licensed under a Creative Commons Attribution License that allows others to share the work with an acknowledgement of the work's authorship and initial publication in this journal.
  1. Authors are able to enter into separate, additional contractual arrangements for the non-exclusive distribution of the journal's published version of the work (e.g., post it to an institutional repository or publish it in a book), with an acknowledgement of its initial publication in this journal.