Husserl som sosiolog. Den sosiologiske vendinga hjå Husserl og tilrettelegginga av eit fenomenologisk perspektiv i human- og samfunnsvitskap
PDF (Norsk Bokmål)

How to Cite

Fuglseth, K. (2008). Husserl som sosiolog. Den sosiologiske vendinga hjå Husserl og tilrettelegginga av eit fenomenologisk perspektiv i human- og samfunnsvitskap. Sosiologi I Dag, 38(2). Retrieved from https://ojs.novus.no/index.php/SID/article/view/944

Abstract

Husserl som sosiolog. Den sosiologiske vendinga hjå Husserl og tilrettelegginga av eit fenomenologisk perspektiv i human- og samfunnsvitskap.
Artikkelen trekkjer fram dagens Husserl-forsking som peikar på nye sider ved Husserls-  fenomenologi som gjer fenomenologien langt meir interessant for human- og samfunnsforsking enn det mange til no har trudd. Denne forskinga byggjer på dei siste publikasjonane frå Husserl og på dei etterlatne manuskripta hans - no publisert i Husserliana-serien med vekt på drøftingar av livsverda og vilkåra for intersubjektivitet. Det vert argumentert for at Husserl ikkje lenger kan bli sett på som metodologisk solipsist, men som ein ekte sosialfilosof og sosialkonstruktivist. Ei rad inngrodde vrangførestellingar i sosiologisk teori om fenomenologi må difor avlivast og endrast i tråd med denne nye Husserl-forskinga. Utfordringa ligg i korleis vi kan utvikle strategiar for tilretteleggingar av perspektivet i høve til terminologi, metodologiske prinsipp og forklaringsmodellar. For å svare på denne utfordringa presenterer og kritiserer artikkelen tradisjonell kritikk av Husserl og viser korleis Husserl endra seg over tid. Det nye synet på Husserl som sosialfilosof gjer òg at vi kan kople han langt sterkare til den sosiologien som alt er fenomenologisk orientert, meir kanskje enn representantane for denne sosiologien sjølve har vore klar over. Representantar for denne retninga som Alfred Schütz, Peter Berger, Thomas Luckmann og andre, kan likevel meir enn nokon annan teori vise oss korleis vi konkret kan leggje til rette for dei allmenngyldige innsiktene i fenomenologien i høve til empiriske undersøkingar. Artikkelen viser dette ved ein presentasjon av horisontomgrepet hos Husserl og korleis denne førestellinga om ein horisont hos alle menneske kan koplast med teorien om kvardagens relevanssystem hos Schütz og med delar av kunnskapssosiologien hos Berger og Luckmann.
PDF (Norsk Bokmål)

Authors who publish with this journal agree to the following terms:

 

  1. Authors retain copyright and grant the journal right of first publication, with the work 1 year after publication simultaneously licensed under a Creative Commons Attribution License that allows others to share the work with an acknowledgement of the work's authorship and initial publication in this journal.
  1. Authors are able to enter into separate, additional contractual arrangements for the non-exclusive distribution of the journal's published version of the work (e.g., post it to an institutional repository or publish it in a book), with an acknowledgement of its initial publication in this journal.