Sammendrag
"Klesvask er mer enn det meste annet fylt av rutinemessige handlemåter, uten at vi tenker over det eller diskuterer det med andre. Mitt ønske med boken er at den kan bidra til å løse opp og synliggjøre idealer vi kanskje ikke lenger deler, men likevel viderefører i dagliglivets små uvesentligheter". Slik formulerer kulturforskaren Ingunn Grimstad Klepp målsetjinga for boka Skittentøyets kulturhistorie - hvorfor kvinner vasker klær. Boka handlar altså om skittentøyet si kulturhistorie frå 1860 til i dag og diskuterer samtidig kvifor det er kvinner som vaskar klede. Den handlar om makta som ligg i rutinane. Klesvask er ifølgje fleire undersøkingar eit av dei aller mest kjønnsdelte felta innan husarbeid i Noreg i dag. Menn lagar mat, støvsuger, vaskar golv, men klesvasken, den tek kvinnene seg av. Kva er det med klesvasken som gjer at menn sin innsats ikkje har auka, spør Klepp.Kjeldene ho byggjer på er ulike bøker, rapportar og brosjyrar som formidlar kunnskap om vask, mest frå 1930-talet og framover. Andre viktige kjelder er både kvalitative intervju og svar på spørjelister frå Norsk Etnologisk Gransking. Det siste materiale er samla inn ved at informantar sjølve formulerer skriftlege svar på opent strukturerte spørsmål. Slik baserer ho seg både på ekspertbodskapen og dei folkelege haldningane til klesvask.
Den historiske biten av boka startar med Eilert Sundt, som stod på fattigfolket si side i skuldingane frå fagfolk om at dei var late og skittsame. Klepp skildrar veksten i vasketøymengda, korleis krava til kva som er reint har auka samtidig som folk flest har fått fleire klede. Rasjonaliseringa med utvikling av ny teknologi frå vask i bekken til vaskemaskin og tørketrommel har ei dobbel side. Metodane for å vaske er meir effektive og arbeidssparande, men krava til kva som er reint har auka. Tida brukt til stell av klede har ifølgje fleire internasjonale studiar difor ikkje gått ned så mykje som ein kunne ha trudd ved innføringa av den nye teknologien. Særskild har kravet om å vere luktfri auka, og ein nyttar materiale som må vaskast oftare enn til dømes ull, som jo var vanleg før i tida. Ho viser korleis standardane for kva som reknast for å vere reint er kulturelt spesifikke og tek slik livet av nokre mytar om at alt var så mykje reinare før.
Fordi ho skriv om kvinner, menn og klesvask, tek ho også opp arbeidsdeling mellom kjønna meir generelt når det gjeld husarbeid. Denne delen av boka er ein presentasjon av andre si forsking på dette feltet og tilfører lite nytt for fagfeller. Det vert meir spennande når ho konsentrerer seg om kjønn og klesvask. Klepp viser til interessante undersøkingar som konkluderer med at single menn vaskar meir enn menn som bur med kvinner, og at menn vaskar gradvis mindre når dei er i parforhold. Ho skriv om klesvask som ei gåve-utveksling, her er ho inspirert av sin kollega ved SIFO, Runar Døving, som har brukt dette perspektivet på forsking om mat. Men får så kvinna bukta og begge endene over familielivet og mannen ved å halde fast på klesvasken, slik overskrifta til kapittelet tyder på? Klepp viser til at kompetanse til å vaske klede kan brukast til å skape sjølvtillit som ei god kvinne og til å skape menn som nokon som står utanfor og er udugelege. Men Klepp endar heldigvis med også å sjå klesvasken som eit arbeid som kan delast på meir og mindre rettferdige måtar. Ho ser det altså ikkje berre som ei gåve kvinna kan gi for å verte glad eller få makt over mannen.
Sjangeren på boka er litt uklar, den kommuniserer til fagfolk, men er også tenkt for ei vidare lesarkrets. Når ein skriv kulturhistorie, kan teksten lett falle mellom to stolar. Med ei enno tydelegare fagbokinnretning, hadde boka tent på å posisjonere seg meir i forhold til anna forsking på feltet. Slik det er no viser ho til masse forsking, men er sjeldan ueinig eller kritisk til dei ho refererer. Men det er kanskje bevisst at forfattaren held seg unna slikt for å passe inn i sjangeren kulturhistorie. Med ei enno tydelegare allmenn målgruppe, hadde det gjort seg med meir fengande overskrifter. Boka er illustrert med ei rekke interessante foto. Boka er godt skrive, sjølv om eg får lyst til å rette på dei litt for mange passive setningane. Det enkle og presise språket viser at forfattaren veit kva ho skriv om og kva ho vil formidle. Klepp er forskingsleiar ved SIFO, og har arbeidd med klede og vask sidan 1999. Ho er omgjeve av eit fagmiljø og ein institusjon som har gitt ekspertråd innan vasking i mange år.
Å løfte fram det sjølvsagte og stille spørsmål ved det, slik Klepp gjer, er eit viktig prosjekt for både samfunnsforskarar og humanistar. Det er ein måte å rokke ved makta i rutinane på. Klarar så Klepp å svare på spørsmålet om kvifor det er kvinner som vaskar klede?
Det siste kapittelet heiter: Derfor vasker kvinner klær. Det har ikkje berre ein grunn, presiserer ho, og det skjønar vi jo. Men ho presenterer to overordna svar, eit praktisk og eit symbolsk. Det praktiske er at menn ikkje har så god kjennskap til materiale og vasking. Ho peikar på at kvinner sine klede er laga av fleire forskjellige materiale enn menn sine klede, så det vert slik at kvinner har oversikt over menn sine klede medan dei ikkje har oversikt over kvinner sine klede. Dette er likevel kunnskap dei lett kan tileigne seg, meiner Klepp.
Samtidig inngår klede i ein større samanheng i familielivet som kvinner har størst kontroll over. Det symbolske svaret koplar ho til at klede fungerer som ei grense mellom det intime og private og offentlege og sosiale. Kvinner er meir forbunde med det ureine og med å handtere grensene mellom det reine og ureine. Teoretisk sett kunne denne delen av boka ha vore meir spennande, Klepp baserer seg her stort sett på analysar om kvinner, husarbeid, reint og ureint frå Jorunn Solheim si bok Den opne kroppen. Det verkar logisk og greitt, men Klepp tilfører ikkje noko nytt til desse tolkingane. I forhold til desse spørsmåla synest eg det er interessant å spørje kvifor det er så mykje vanlegare med vaskeautomatar i andre vestlege land. Er denne utbreiinga av vaskeautomatar uttrykk for at kvinner i andre land setter andre symbolske grenser for reint og ureint enn dei norske kvinnene? Slike spørsmål kunne vore spennande å forfølgje vidare.
Klepp fører i avslutninga også ein diskusjon om vegen vidare for klesvaskinga, og ho diskuterer om klesvasken bør reduserast, både ut frå miljømessige og arbeidsmessige omsyn. Eit forslag er å drive meir med flekkfjerning, eit anna er å bruke meir materiale i kleda som krev lite vask. Ho stiller også spørsmål ved om ein bør skape ei større tålegrense for kroppslukt eller oppmuntre til å kjøpe færre klede.
Boka er eit viktig bidrag i forskinga om husarbeid, makt, kjønn og arbeidsdeling, og den viser at det trengs enno meir forsking på kvifor menn vaskar lite klede og på kjønn og arbeidsdeling meir generelt. Det irriterer meg å tenke på at mange av dei som hadde hatt godt av å lese boka nok ikkje kjem til å gjere det, nettopp fordi dei tenker at temaet er uvesentleg eller kjedeleg.
Authors who publish with this journal agree to the following terms:
Â
- Authors retain copyright and grant the journal right of first publication, with the work 1 year after publication simultaneously licensed under a Creative Commons Attribution License that allows others to share the work with an acknowledgement of the work's authorship and initial publication in this journal.
- Authors are able to enter into separate, additional contractual arrangements for the non-exclusive distribution of the journal's published version of the work (e.g., post it to an institutional repository or publish it in a book), with an acknowledgement of its initial publication in this journal.