Kvantitetsmotsetnad i endestaving i nordisk
NLT 2-2025 cover
Artikkel (pdf)

Emneord (Nøkkelord)

vokal
trykk
hokjønn
forlenging
nasalering
dialekt
språkhistorie

Hvordan referere

Heide, E., & Vea, J. (2025). Kvantitetsmotsetnad i endestaving i nordisk. Norsk Lingvistisk Tidsskrift, 43(2), 223–239. Hentet fra https://ojs.novus.no/index.php/NLT/article/view/2520

Sammendrag

I denne artikkelen samlar vi dokumentasjon av kvantitetsmotsetnad i vokalar i utlyd, i det som vanlegvis blir kalla trykklett staving. Dette finst i Setesdal i dag, og for få generasjonar sidan fanst det òg i delar av Vest-Telemark og i eit stort område i Midt-Sverige. Dette styrker, argumenterer vi for, Larsens teori om at hokjønnsendingar med diftong og runda vokal i bunden form ([au], [ei], [ei], [ou], [u], [o], av -an, -on- /-un-, -in), kjem av lang vokal, forlengd i samband med nasaleringa og bortfallet av -n i slike bøyingsformer. I samband med dette drøftar vi òg rekkefølgja på nasalering, n-bortfall og den trulege forlenginga i mellomnorsk tid. Ulikt tidlegare forskarar føreslår vi ikkje vokalforlenging i staden for nasalering, men begge delar. Nasalering gjer vokalar lengre, så nasaleringa som kom før og under n-bortfallet, ville gjort vokalane lengre. Samtidig kan n-bortfallet ha strekt seg over lang tid.

Artikkel (pdf)
Creative Commons License

Dette verket er lisensiert under Creative Commons Attribution-ShareAlike 4.0 International License.

Opphavsrett 2025 Forfatterne