«Det er meir sånn at du blir litt sett ned på viss du snakke oslomål eller bergensk»
NLT 2-2025 cover
Artikkel (pdf)

Emneord (Nøkkelord)

grammatisk kjønn
norske dialekter
språkendring
identitet og tilhøyrsle
Voss

Hvordan referere

Haug, K. N. (2025). «Det er meir sånn at du blir litt sett ned på viss du snakke oslomål eller bergensk»: – ein studie av kva faktorane tilhøyrsle og kontakt har å seia for genusbortfall. Norsk Lingvistisk Tidsskrift, 43(2), 187–221. Hentet fra https://ojs.novus.no/index.php/NLT/article/view/2519

Sammendrag

Ein eksperimentell studie gjort i 2022 med deltakarar som snakkar vossamål, viser reduksjon av hokjønn blant barn og ungdom på Voss, medan dei vaksne har det tradisjonelle tregenussystemet. Denne artikkelen diskuterer om sosiale faktorar som tilhøyrsle og språkidentitet påverkar bortfall av grammatisk hokjønn i vossamålet. Språklege data vert samanlikna med svar på spørjeskjema når det gjeld språk og identitet, og utdrag frå ein semistrukturert samtale mellom ungdommar illustrerer temaet. Artikkelen tek utgangspunkt i deltakarane sine medvitne og opne haldningar om språk og identitet. Det er ein tendens til at deltakarar med det mest positive synet på staden og dialekta er dei med det mest tradisjonelle genussystemet, men resultata viser at sjølv om yngre vossingar har eit positivt syn på dialekta og staden, vert bruken av hokjønnsformer redusert. Tendensen ser ikkje ut til å vera driven av eit bevisst språkleg skifte mot eit prestisjespråk, men er ein del av ei breiare nasjonal utvikling.
Artikkel (pdf)
Creative Commons License

Dette verket er lisensiert under Creative Commons Attribution-ShareAlike 4.0 International License.

Opphavsrett 2025 Kristin Nordbø Haug