Nynorskens første offisielle rettskriving: 1893 eller 1901?
NLT 1-2024 cover
pdf

Emneord (Nøkkelord)

rettskriving
nynorsk
språkhistorie
1901-normalen
midlandsnormalen

Hvordan referere

Vikør, L. S. (2024). Nynorskens første offisielle rettskriving: 1893 eller 1901?. Norsk Lingvistisk Tidsskrift, 42(1), 213–232. Hentet fra https://ojs.novus.no/index.php/NLT/article/view/2304

Sammendrag

Denne artikkelen fører vidare eit ordskifte om spørsmålet tittelen antydar. Sverre Stausland Johnsen kritiserer tidlegare språkhistorikarar for å presentere nynorskrettskrivinga av 1901 som den første offisielle rettskrivinga for nynorsk. Han meiner at eit departementalt skriv frå 1893, som slår fast at Aasens grammatikk skal leggast til grunn for undervisninga i landsmål i skolen, impliserer at Aasens nynorsknorm var den første «riksstyregodkjende», og dermed offisielle, norma for nynorsk. Eg argumenterer for at dette er å «overtolke» dette skrivet, og at 1901-rettskrivinga var den første reelt fungerande skolerettskrivinga for nynorsk. I tillegg handlar ord­skiftet mellom oss om ulike tolkingar av innhaldet i rettskrivingsvedtaka frå 1901.
pdf
Creative Commons License

Dette verket er lisensiert under Creative Commons Attribution-ShareAlike 4.0 International License.

Opphavsrett 2024 Lars S. Vikør