Sammendrag
Klimaendring i form av global oppvarming er eit av vår tids viktigaste og mest omdiskuterte problem, og som for alle andre politiske saker spelar språkbruken og vinklingane i det politiske ordskiftet ei sentral rolle for korleis problemet blir oppfatta og vektlagt. Ei kartlegging av bruken av klima i valprogramma til dei ni største partia på Stortinget i perioden 2021–2025 viser at ein stor del av denne språkbruken er samansetningar med klima som forledd, og artikkelen presenterer ei grammatisk og semantisk kategorisering av desse samansetningane. Det blir også vist korleis dei ulike kategoriane er fordelte mellom programma.Dette verket er lisensiert under Creative Commons Attribution-ShareAlike 4.0 International License.
Opphavsrett 2024 Tor Arne Haugen