Sammendrag
I oslomålet held suffikset -a i bestemt form eintal seg som eit siste spor etter femininum, medan dei eigentlege eksponentane for genus femininum elles er borte (unnateke pronomen). Det finst parallellar i andre norske dialekter, i svensk og i istrorumensk.
Suffikset er eit bunde element, ulikt dei eigentlege eksponentane for genus. Det blir lært inn først, kanskje fordi det ikkje krev same abstraksjonsgraden. Sjølv om suffikset ulikt dei andre elementa ikkje utan vidare kan reknast som genuseksponent, er det likevel ein god indikator – iblant.
Utviklinga blir drøfta i lys av Corbetts kongruenshierarki og grammatikalisering. Element er meir resistente mot endring i genussystemet, di tettare relasjon dei har til genuskontrolløren, altså di meir bundne dei er. Suffiks er mest resistente mot endringar, men det er også skilnader mellom dei andre «skikkelege» genuseksponentane. Dei ulike gradane av resistens korrelerer godt med kongruenshierarkiet, som har med grammatikalisering å gjera (og som i nokon monn korrelerer med Ragnhildstveits signalvaliditetshierarki).
Dette verket er lisensiert under Creative Commons Attribution-ShareAlike 4.0 International License.
Opphavsrett 2022 Hans-Olav Enger