Endre Mørck: Leddstillinga i mellomnorske heilsetninger. Funksjons- og feltanalyse og materialpresentasjon.
PDF

Hvordan referere

Faarlund, J. T. (2013). Endre Mørck: Leddstillinga i mellomnorske heilsetninger. Funksjons- og feltanalyse og materialpresentasjon. Norsk Lingvistisk Tidsskrift, 31(1). Hentet fra https://ojs.novus.no/index.php/NLT/article/view/168

Sammendrag

Mellomnorsk har på mange måtar vore ein forsømt periode i norsk språkhistorieforsking. Den som i nyare tid fyrst og fremst har konsentrert forskinga si om denne perioden, er Endre Mørck. Han er også den som har arbeidt mest med mellomnorsk syntaks i det heile teke. Syntaks er i denne samanhengen å forstå som leddstilling på setningsnivå, slik det òg går fram av tittelen på boka, som kan seiast å representere ei samling, komplettering og utviding av Mørcks tidlegare arbeid om dette emnet. Ved sida av bortimot 2000 mellomnorske setningar inneheld boka godt over 100 skjema og tabellar som viser distribusjon og frekvens for ulike konstruksjonar. Tekstutvalet er grundig gjennomtenkt og grunngjeve, og oppstillinga og kategoriseringa av materialet er oversiktleg og klart. Såleis er det mogleg for andre forskarar å finne fram til døme på dei fleste syntaktiske fenomen - i alle fall slikt som har å gjera med lineær syntaks. Og folk som elles ikkje er vane med å lesa unormaliserte tekstar frå denne perioden, vil setja pris på at alle eksempelsetningane er omsette til moderne norsk.
PDF

Forfattere beholder opphavsretten og gir tidsskriftet rett til første publisering av arbeidet. En Creative Commons-lisens (CC BY-SA 4.0) gir samtidig andre rett til å dele arbeidet med henvisning til arbeidets forfatter og at det først ble publisert i dette tidsskriftet.