Sammendrag
Med Innganger til språkvitenskap har vi fått ei innføring i vitskapsteoretiske spørsmål kring språkvitskapen på norsk. Det er bra. Det er ikkje vanskeleg å vere samd med forfattarane i at språkvitskapen bør interessere seg for det Roger Lass har kalla "metaworries" (s. 11), spørsmål som kva som er studieobjekt(a) i språkvitskapen, og korleis vi kan vinne innsikt i desse. Allereie Saussure slo fast at språkvitskapen ikkje har noko studieobjekt som er gjeve på førehand, men at dette blir til med det perspektivet ein vel.Forfattere beholder opphavsretten og gir tidsskriftet rett til første publisering av arbeidet. En Creative Commons-lisens (CC BY-SA 4.0) gir samtidig andre rett til å dele arbeidet med henvisning til arbeidets forfatter og at det først ble publisert i dette tidsskriftet.