Sammendrag
Denne boka handlar, som tittelen seier, om fosenmåla - men her kan ein gjera to presiseringar. For det første omfattar fosenmåla ikkje berre dialektane på Fosenhalvøya. Dialektane på Hitra og Frøya og i Agdenes og Lensvik blir òg rekna til denne gruppa. For det andre er det altså snakk om norske dialektar. Eg nemner dette fordi sørsamisk jo òg tradisjonelt blir snakka i det området som denne boka tar for seg, utan at denne påpeikinga på nokon måte er meint som kritikk.
Forfattere beholder opphavsretten og gir tidsskriftet rett til første publisering av arbeidet. En Creative Commons-lisens (CC BY-SA 4.0) gir samtidig andre rett til å dele arbeidet med henvisning til arbeidets forfatter og at det først ble publisert i dette tidsskriftet.