Norsk Lingvistisk Tidsskrift 30 år
PDF

Hvordan referere

Jahr, E. H. (2013). Norsk Lingvistisk Tidsskrift 30 år. Norsk Lingvistisk Tidsskrift, 31(1). Hentet fra https://ojs.novus.no/index.php/NLT/article/view/164

Sammendrag

Ein dag i 1982 venta eg spent på kontoret mitt ved Universitetet i Tromsø på melding om ei avgjerd i publiseringsutvalet til Rådet for humanistisk forsking (RHF) i NAVF, som forskingsrådet vårt heitte da. Eg var litt delt. Eg visste at dersom eg fekk ja på søknaden eg hadde sendt inn om pengar til å starte eit nytt norsk lingvistisk tidsskrift, så ville det medføre år med mykje strev og redaksjonelt arbeid. Eg hadde ein god del røynsle med redaksjonelt arbeid frå før. I 1979 starta vi i Tromsø Nordlyd - Tromsø University Working Papers on Language & Linguistics. På kort tid blei Nordlyd det språkvitskaplege organet i Norden som blei mest spreidd i heile verda. Grunnen til det var først og fremst at vi sende det ut gratis til alle som ville stå på postlista, men det betydde at det snart var 7-800 abonnentar på arbeidsskriftet vårt. Nordlyd trykte berre arbeid av folk som hadde tilknyting til UiT, og kom ut når det var stoff nok til eit hefte, men som redaktør fekk eg ofte tilsendt manuskript frå folk langt vekk frå som prøvde å få sine ting inn. Eg hadde også vori redaktør av tidsskriftet Språklig Samling frå 1977 til 1981. Språklig Samling kom med fire separate nummer for året.Slik hadde eg ikkje lite røynsle med redaksjonelt arbeid da eg sende i veg søknaden til NAVF om å få middel til å starte eit nytt språkvitskapleg tidsskrift. Med eit nei frå NAVF til søknaden ville eg sleppe unna mykje ansvar og arbeid i åra framover. Derfor hadde eg gjort opp med meg sjølv mens eg venta på avgjerda frå NAVF, at båe utfalla, både ja og nei, hadde sine fordelar.Men det blei eit ja, og det var starten på tolv interessante, men også strevsame år som redaktør av Norsk Lingvistisk Tidsskrift.
PDF

Forfattere beholder opphavsretten og gir tidsskriftet rett til første publisering av arbeidet. En Creative Commons-lisens (CC BY-SA 4.0) gir samtidig andre rett til å dele arbeidet med henvisning til arbeidets forfatter og at det først ble publisert i dette tidsskriftet.