Om kunnskapsgrunnlaget for to grammatiske teoriar
PDF

Hvordan referere

Helset, S. J. (2014). Om kunnskapsgrunnlaget for to grammatiske teoriar. Norsk Lingvistisk Tidsskrift, 32(1). Hentet fra https://ojs.novus.no/index.php/NLT/article/view/158

Sammendrag

Artikkelen freistar å kaste eit vitskapsteoretisk lys over to utvalde språkvitskaplege retningar.1 Med utgangspunkt i Karl R. Poppers normative krav til vitskaplege teoriar drøftar vi kunnskapsgrunnlaget for dei to motstridande grammatiske teoriane strukturalisme og generativ grammatikk. Av drøftinga går det fram at både dei europeiske strukturalistane og generativistane med visse modifikasjonar arbeider innanfor den hypotetisk-deduktive metoden som Popper set fram som den einaste vitskapleg gyldige. Derimot har dei to paradigma heilt ulik tilnærming til Poppers falsifikasjonsprinsipp. Strukturalistane avviser dette prinsippet både på ontologisk og epistemologisk grunnlag, medan generativistane berre framviser ein generell skepsis mot naiv falsifisering. Når det kjem til Poppers krav til universalitet, prediksjon og forklaring, syner artikkelen at det generative programmet har langt større ambisjonar enn det strukturalistiske, sidan ein innanfor dette paradigmet tek sikte på å framsetje ein universell grammatisk teori som skal predikere og forklare alle mogelege grammatiske mønster. Samstundes framset artikkelen nokre merknader til desse delane av det generative programmet.
PDF

Forfattere beholder opphavsretten og gir tidsskriftet rett til første publisering av arbeidet. En Creative Commons-lisens (CC BY-SA 4.0) gir samtidig andre rett til å dele arbeidet med henvisning til arbeidets forfatter og at det først ble publisert i dette tidsskriftet.