Om kunnskapsgrunnlaget for normeringa av det nynorske skriftspråket
PDF

Emneord (Nøkkelord)

normering
nynorsk
internaliserte og operative normer
korpus-lingvistikk
korrespondanseanalyse

Hvordan referere

Helset, S. J. (2018). Om kunnskapsgrunnlaget for normeringa av det nynorske skriftspråket. Norsk Lingvistisk Tidsskrift, 36(1). Hentet fra https://ojs.novus.no/index.php/NLT/article/view/1490

Sammendrag

Artikkelen drøftar kva som bør vere kunnskapsgrunnlaget for normeringa av det nynorske skriftspråket. Det blir argumentert imot at ein baserer den offisielle normeringa på teoriar om grammatiske strukturar i eit mogeleg I-språk, slik nokre grammatikarar innanfor det generative paradigmet har teke til orde for. I staden argumenterer artikkelen for at ein byggjer framtidig normering på kor-puslingvistiske studiar av det ein kan karakterisere som normberande tekstar innanfor den nynorske skriftkulturen, noko som då kan seie noko om kva for operative normer som eksisterer i dette språket. I forlenginga av dette argumen-terer artikkelen for at metoden statistisk korrespondanseanalyse er særleg ve-leigna til å granske om det eksisterer normklynger av ulike språklege former som kan la seg identifisere som meir eller mindre dominerande subvarietetar av det nynorske skriftspråket, slik som til dømes varietetar som ein kan karak-terisere som konservativ, moderat eller radikal nynorsk.
PDF

Forfattere beholder opphavsretten og gir tidsskriftet rett til første publisering av arbeidet. En Creative Commons-lisens (CC BY-SA 4.0) gir samtidig andre rett til å dele arbeidet med henvisning til arbeidets forfatter og at det først ble publisert i dette tidsskriftet.