Ernst Håkon Jahr: Language planning as a sociolinguistic experiment. The case of modern Norwegian.
PDF

Hvordan referere

Berg, I. (2016). Ernst Håkon Jahr: Language planning as a sociolinguistic experiment. The case of modern Norwegian. Norsk Lingvistisk Tidsskrift, 34(1). Hentet fra https://ojs.novus.no/index.php/NLT/article/view/1294

Sammendrag

I 2014 gav Ernst Håkon Jahr ut ei bok på engelsk som er ei vidareføring av den eldre Utsyn over norsk språkhistorie etter 1814 (1989), og som samanfattar tema Jahr har arbeidd med heilt sidan hovudfagsoppgåva om Østlandsk reisning frå 1976. Dei analytiske grepa i Language planning … vart så innarbeidde i ei ny norsk utgåve av Utsyn som fører framstillinga fram til i dag, der den eldre boka blir omtala som "utkast" (Jahr 2015: 153). Dei to nye bøkene har same inndeling og overordna grep og kan godt vurderast samla, men dei er naturleg nok tilpassa publikum med ulike kunnskapar om norsk ålmenn- og språkhistorie. Eg tek utgangspunkt i den engelske boka (2014), men det meste som blir sagt om ho, gjeld òg den norske (2015). Eg viser til dei to bøkene med utgjevingsår der eg kommenterer likt og ulikt.
PDF

Forfattere beholder opphavsretten og gir tidsskriftet rett til første publisering av arbeidet. En Creative Commons-lisens (CC BY-SA 4.0) gir samtidig andre rett til å dele arbeidet med henvisning til arbeidets forfatter og at det først ble publisert i dette tidsskriftet.