Sammendrag
Det primære målet med denne artikkelen er å analysera tydingsinnhaldet i ein del sentrale direktive språkhandlingsverb i norsk, med eit sideblikk til engelsk. Eit viktig utgangspunkt er såleis at tyding er mogleg å eksplikera, og vi nyttar det semantiske metaspråket Natural Semantic Metalanguage (NSM) i eit forsøk på å eksplikera metaspråklege representasjonar av dei semantiske strukturane. Det blir argumentert for at eit slikt metaspråk kan vera eit godt verktøy både for å få fram semantiske skilnader i einskildspråk og mellom ulike språk. I tillegg blir tilhøvet mellom språkhandlingar og språkhandlingsverb problematisert.Forfattere beholder opphavsretten og gir tidsskriftet rett til første publisering av arbeidet. En Creative Commons-lisens (CC BY-SA 4.0) gir samtidig andre rett til å dele arbeidet med henvisning til arbeidets forfatter og at det først ble publisert i dette tidsskriftet.