Metodologiske og teoretiske utfordringar for generative dialektologar
PDF

Emneord (Nøkkelord)

nordisk syntaktisk talemålsforsking

Hvordan referere

Aa, L. I. (2016). Metodologiske og teoretiske utfordringar for generative dialektologar. Norsk Lingvistisk Tidsskrift, 33(2). Hentet fra https://ojs.novus.no/index.php/NLT/article/view/1229

Sammendrag

Dette nummeret av Norsk lingvistisk tidsskrift (NLT) tek føre seg nordisk syntaktisk talemålsforsking. I Noreg strekkjer den vitskaplege talemålsforskinga seg tilbake til Ivar Aasens (1848) første grammatiske storverk. Men sjølv om dialektologien er etter måten gamal, var syntaksen i talemåla lenge berre omtala i mindre studiar og ikkje kartlagt på ein overordna og systematisk måte med ein klar teoretisk ambisjon. Rett nok vart det på byrjinga av 1900-talet gjeve ut nokre avhandlingar om syntaksen i ulike bymål (t.d. Iversen 1918, Svendsen 1931) og utvalde bygdemål (t.d. Heggstad 1916). Leiv Heggstads arbeid om syntaksen i sebyggmålet (setesdalsdialekten) er velkjent, og det vart gjort mange deskriptive arbeid av mindre format oppgjennom 1900-talet.1 På 1970-talet gjorde Helge Sandøy (1976) ei meir systematisk komparativ vestnordisk undersøking av verbpartikkelkonstruksjonar, og Jan Terje Faarlund gjorde fleire teoretisk-syntaktiske dialektarbeid på den same tida (sjå ScanDiaSyn-bibliografien og jf. Sandøy (1985: 100ff) si dialektsyntaktiske oppsummering). På 1990-talet vart grunnlaget for NORMS2 og ScanDiaSyn3 lagt, og desse prosjekta voks for alvor fram utover 2000-talet. Først no vart det på ein meir omfattande og systematisk måte gjort dialektsyntaktisk arbeid i Noreg med ein teoretisk ambisjon lik Faarlund sin, og ulik den ein finn i dei deskriptive tilnærmingane tidlegare. Det verkar rimeleg å dele dialektsyntaksen inn i ein tidsalder før og etter NORMS- og ScanDiaSyn-prosjekta nettopp på grunn av omfanget av og systematikken i det metodologiske og teoretiske arbeidet desse prosjekta førte med seg.
PDF

Forfattere beholder opphavsretten og gir tidsskriftet rett til første publisering av arbeidet. En Creative Commons-lisens (CC BY-SA 4.0) gir samtidig andre rett til å dele arbeidet med henvisning til arbeidets forfatter og at det først ble publisert i dette tidsskriftet.