Sammendrag
Artikkelen drøftar den nordnorske forsterkaren fette og argumenterer for at opphavet for ordet er substantivet feitt snarare enn substantivet fitte. Ordet vert vidare sett i samband med eit generelt ordlagingsmønster for forsterkarar i nordnorsk der ein -e vert lagt til ein einstava stamme. Argumenta for opphavet i feitt er 1) at forsterkaren særs sjeldan førekjem med vokalen /i/ i trykkstavinga, 2) at fitte-etymologien for e/a-mål tilseier substitusjon av endinga -a med -e, i tillegg til lågning (i → e), 3) at diftongen /ei/ systematisk blir forkorta og/eller monoftongert i nordnorsk (ulikt vestnorsk), og 4) at ‘feit’ som forsterkande element er vanleg i andre varietetar og kontekstar. Opphav i tid vert også diskutert, og det vert peikt på kontakt med svensk som ein mogleg utløysande faktor for at bruken har breidd om seg dei siste par tiåra i nordnorsk slang. Kjeldegrunnlaget for undersøkinga er korpusa LIA, Nordisk dialektkorpus og NoWaC, samt søk på verdsveven og på bokhylla.no (Nasjonalbiblioteket).
Dette verket er lisensiert under Creative Commons Attribution-ShareAlike 4.0 International License.
Opphavsrett 2026 Øystein A. Vangsnes
