Normkompetanse og normpåverknad mellom nynorskungdom på Vestlandet
MOM-1-2026 Cover
Artikkel (pdf)

Hvordan referere

Helset, S. J. (2026). Normkompetanse og normpåverknad mellom nynorskungdom på Vestlandet. Maal Og Minne, 118(1), 1–32. https://doi.org/10.52145/mom.v118i1.2535

Sammendrag

Denne artikkelen diskuterer på kva måtar normavvik i tekstar skrivne av ungdom med nynorsk som hovudmål heng saman med den multilektale konteksten dei lever i. Det empiriske grunnlaget for studien er hovudmålstentamenar skrivne av 67 ungdomsskuleelevar i ein nynorskkommune på Vestlandet, autentiske private meldingar skrivne av dei same elevane og dess­utan svara elevane gav på nokre spørsmål som dei fekk gjennom eit spørjeskjema. I tillegg til å kartlegge ulike avvikstypar og avvik som fell saman med høvesvis bokmål og dialekt i hovudmålstentamenane, undersøker studien om ein i tentamenane finn att normavvikande dialektnære former som ungdommane brukar når dei skriv private meldingar til kvarandre. Studien viser at ein klart større andel av avvika i nynorsktekstane til elevane fell saman med den lokale dialekten enn andelen som fell saman med bokmål, samstundes som han gjev indikasjonar på at mange elevar dreg med seg normavvikande former frå den dialektnære skrivinga som dei brukar i private meldingar, når dei skal skrive normert nynorsk.
https://doi.org/10.52145/mom.v118i1.2535
Artikkel (pdf)
Creative Commons License

Dette verket er lisensiert under Creative Commons Attribution-ShareAlike 4.0 International License.

Opphavsrett 2026 Stig J. Helset