TY - JOUR AU - Engeset, Agnes Brudvik PY - 2021/12/31 Y2 - 2024/03/28 TI - Store tankar i små bygder? Overlevingsevna blant familiebedrifter i norsk distriktsreiseliv JF - Tidsskrift for kulturforskning JA - Tfk VL - IS - 2 SE - Presentasjon dr.avhandlinger DO - UR - https://ojs.novus.no/index.php/TFK/article/view/2047 SP - AB - <p>Avhandlinga har utgangspunkt i forskingsprosjektet <em>Second Generation Rural Tourism </em>/Andre <em>generasjon bygdeturisme (2011-2015),</em> der målet var å undersøke korleis norsk distriktsreiseliv kan bli meir økonomisk og sosialt robust og miljømessig berekraftig. Innretninga var ein kvalitativ studie og studieobjekta var små og store tilbydarar innan norsk distrikts­reiseliv. Den første artikkelen i avhandlinga, ein studie av norsk gardsturisme, vart ein inngang til forskingsfeltet rural turisme, og ei plattform for resten av avhandlinga om norsk distriktsreiseliv. Både norsk og internasjonal forsking omtalar aktørane i den rurale turismen vanlegvis som småskala, ofte knytt til gardsturismen - som for alvor skaut fart i etterkrigstida - og med liten vilje eller evne til vekst og innovasjon. Dette biletet av den rurale turismen passar berre delvis med norsk distriktsreiseliv slik det framstår i dag. I Bygde-Norge finst det også store turisthotell, der hotellvertar i fleire generasjonar har teke i mot gjestar frå heile verda. Desse familieeigde distriktshotella er ikkje inkluderte i verken internasjonale eller norske studiar av den rurale turismen, i studiar av familiebedrifter generelt eller i studiar av norsk hotellnæring. Eit empirisk kunnskapshol var dermed avdekka og distriktshotell vart såleis tema for resten av avhandlinga. Vidare arbeid med avhandlinga var vidareutvikla frå det opphavelege forskingsprosjektet, både i val av studieobjekt og av informantar. Ikkje minst vart den teoretiske tilnærminga vidareutvikla. Hovud­vekta i avhandlinga vart lagt på hotell­studien; i to av tre artiklar studerer eg norske, familieeigde distriktshotell.</p> ER -