Ingrid Gjertsen 2007. - kom du min Sulamith - Sang og mystikk i haugiansk fromhet.
PDF ()

Hvordan referere

Apeland, S. (2009). Ingrid Gjertsen 2007. - kom du min Sulamith - Sang og mystikk i haugiansk fromhet. Tidsskrift for Kulturforskning, 8(1). Hentet fra http://ojs.novus.no/index.php/TFK/article/view/498

Sammendrag

Ingrid Gjertsen er den nolevande forskaren som har arbeidd lengst og mest grundig med religiøs folkesong i Norge. I 1978 tok ho hovudfag i musikkvitskap med oppgåva Sangtradisjonen blant lekfolket i Luster, hovedkilde Ragnar Vigdal. Sidan, med yrkesmessig tilhaldsstad på Arne Bjørndals samling ved Universitetet i Bergen, har ho halde fram med innsamling, arkivering og forsking omkring dette materialet, men òg utvida arbeidsfeltet til å omfatta den nyare musikken innan lekmannsrørslene. I det heile har ho vore oppteken av kva folk faktisk syng, og freista å gripa songen si meining som kulturell praksis i eit sosialt miljø. Hennar arbeidsmåtar ligg difor nærare dagens etnomusikologi (og anna kulturforsking) enn den nasjonalromantisk influerte musikkvitskapen og folkloristikken, der songen først og fremst vart tillagt verdi som kunst, nasjonal lyd- eller tekstartefakt og kulturarv.

PDF ()
Forfattere beholder opphavsretten og gir tidsskriftet rett til første publisering av arbeidet. En Creative Commons-lisens (CC BY-SA 4.0) gir samtidig andre rett til å dele arbeidet med henvisning til arbeidets forfatter og at det først ble publisert i dette tidsskriftet.