Nils Gilje 2019. Hermeneutikk som metode: Ein historisk introduksjon.
Omslag til Tfk 2-2020
PDF

Hvordan referere

Midtgarden, T. (2021). Nils Gilje 2019. Hermeneutikk som metode: Ein historisk introduksjon. Tidsskrift for Kulturforskning, (2). Hentet fra https://ojs.novus.no/index.php/TFK/article/view/1857

Sammendrag

Hermeneutikk handlar om fortolking. I Nils Giljes siste bok får vi ei grundig og historisk strukturert innføring i problemstillingar knytt til fortolking av tekst og handling i humaniora og samfunnsvitskapane. Trass tittelen "Hermeneutikk som metode" legg boka til grunn at hermeneutikk omfatter langt meir enn det vi vanlegvis tenker på som metode og metodologi. Gjennom eksempel viser den korleis forskarens fortolking treng å ta høgde for bestemte historiske eller sosiale kontekster for handling og at den sjeldan bare følgjer eit sett av metodereglar. Boka går også inn på den filosofiske hermeneutikken som dreier seg om generelle føresetnader for forståing som ikkje blir omfatta av noko metodelære. Likefullt varslar tittelen ei vektlegging av hermeneutikkens empiriske og metodologiske relevans. Det er då også teoretikarar som kastar lys over empiriske og metodologiske spørsmål som får mest plass i boka.
PDF
Forfattere beholder opphavsretten og gir tidsskriftet rett til første publisering av arbeidet. En Creative Commons-lisens (CC BY-SA 4.0) gir samtidig andre rett til å dele arbeidet med henvisning til arbeidets forfatter og at det først ble publisert i dette tidsskriftet.