Miljøomsyn i kvardagslivet

Forfattere

  • Berit Skorstad Høgskolen i Bodø

Sammendrag

Artikkelen er ei skildring av nokre forhold som ligg til grunn for miljøvenleg åtferd i kvardagen og forhold som set grenser for slik åtferd. Denne casestudien syner kva vilkår som kan drive handling med ein integrert miljøetikk framover, men også dei mange grenser for miljøomsyn som ligg i kvardagen. Sett i lys av miljøproblematikken generelt kan artikkelen sjåast som eit døme på korleis ein miljøpolitikk som overfører ansvar for praktisk miljøomsyn til den enkelte kan fortone seg. Med utgangspunkt i kvinner si oppleving og etterleving av miljøkrav i kvardagslivet, analyserast kva vilkår som gir føringar og kva som set grensar for miljøomsyn. Kvardagslivet og livsverda er sentrale rammer og er eit sosialt felt der kunnskap og moral er nært samanvevd med praksis og kultur. Kompleksitet med eit mangfald av omsyn gjer kvardagslivet særleg interessant for ein miljøsosiologisk studie. Artikkelen syner at handlingsforma som nyttast hjå aktørane som lykkast å integrere miljøomsyn i kvardagsliv, makter å kople dette til tradisjonelt hushaldsarbeid og gode rutinar. Likevel er aktørane avhengige av tilrettelegging og strukturelle føringar som ligger utanfor deira daglege rekkevidde.

Forfatterbiografi

Berit Skorstad, Høgskolen i Bodø

Fakultet for samfunnsvitenskap

Nedlastinger

Publisert

2009-01-28

Hvordan referere

Skorstad, B. (2009). Miljøomsyn i kvardagslivet. Sosiologi I Dag, 38(4). Hentet fra http://ojs.novus.no/index.php/SID/article/view/964