Linnea Gustafsson: Moderna vardagliga binamn i Sverige.
PDF

Hvordan referere

Nedrelid, G. (2017). Linnea Gustafsson: Moderna vardagliga binamn i Sverige. NAMN OG NEMNE, 33. Hentet fra https://ojs.novus.no/index.php/NON/article/view/1342

Sammendrag

Undersøkinga handlar, som tittelen fortel, om moderne tilnamn i Sverige. Boka har sju kapittel. Kvart av dei seks fyrste kapitla sluttar med ei oppsummering av kapittelinnhaldet.

I innleiingskapittelet finn me formål, forskingsspørsmål, forskingsoversikt, material og metode, etikk, terminologi og avgrensingar. Linnea Gustafsson plasserer arbeidet i sosioonomastikken, i skjeringspunktet mellom namne-gransking og språksosiologi, og hentar forklaringsmodellar frå begge disiplinar. Formålet er å studera moderne bruk av tilnamn i privatsfæren, med vekt på namnebrukarens perspektiv, og hensikta er at resultata i etterkant ogso skal kunna tillempast på historisk material, der ein naturleg nok er avskoren frå å spørja brukarane. Generelt er formålet med undersøkinga å avdekka bakanfor-liggjande mekanismar i tilnamnsbruket, spesifikt er ærendet å kartleggja moderne svenske tilnamn, bruken av dei og bruksområdet. Gustafsson set opp fire forskingsspørsmål: korleis skal kategorien definerast, kva konstituerer moderne tilnamn, kva funksjonar har dei, og korleis fungerer dei når det gjeld å skapa identitet.

PDF
Forfattere beholder opphavsretten og gir tidsskriftet rett til første publisering av arbeidet.