Gulbrand Alhaug og Aud-Kirsti Pedersen (red.): Namn i det fleirspråklege Noreg.
PDF

Hvordan referere

Helleland, B. (2017). Gulbrand Alhaug og Aud-Kirsti Pedersen (red.): Namn i det fleirspråklege Noreg. NAMN OG NEMNE, 33. Hentet fra https://ojs.novus.no/index.php/NON/article/view/1340

Sammendrag

At Noreg er eit fleirspråkleg land, står klart for dei fleste. Det fleirspråklege ytrar seg på mange måtar. Fyrst kan ein seia at me har to jamstilte norske riks-språk, bokmål og riksmål, noko som kjem til uttrykk i denne boka ved at seks av artiklane er skrivne på bokmål og seks på nynorsk - og ein på svensk. Når det gjeld namn, er det ikkje noko prinsipielt skilje mellom dei to målformene, med unntak av at landsnamnet og nokre andre stadnamn har kvar si form på dei to måla, og ved at offentlege institusjonar skal ha ei bokmålsform og ei nynorsk-form når dei einskilde orda i namnet er ulike i dei to måla. Fram til lov om stadnamn vart vedteken i 1990, var hovudregelen i stadnamnnormering at ein skulle fylgja nynorsk rettskriving. Lova oppheva denne regelen og innførte prinsippet om at ein skal nytta den rettskrivingsforma i bokmål eller nynorsk som ligg nærast uttalen. Sidan målføregrunnlaget svarar best til det nynorske systemet, vil nynorskformer framleis vera mest aktuelle rundt om i landet. Med det aukande omfanget av tillatne målføreformer i stadnamn, som tjønn for tjørn, e-ending i sterke hokjønnsord og fleirtalsendingar som -an, er det rett nok mange avvik frå rettskrivinga.
PDF
Forfattere beholder opphavsretten og gir tidsskriftet rett til første publisering av arbeidet.