Gulbrand Alhaug og Aud-Kirsti Pedersen (red.): Namn i det fleirspråklege Noreg.

Botolv Helleland

Sammendrag


At Noreg er eit fleirspråkleg land, står klart for dei fleste. Det fleirspråklege ytrar seg på mange måtar. Fyrst kan ein seia at me har to jamstilte norske riks-språk, bokmål og riksmål, noko som kjem til uttrykk i denne boka ved at seks av artiklane er skrivne på bokmål og seks på nynorsk – og ein på svensk. Når det gjeld namn, er det ikkje noko prinsipielt skilje mellom dei to målformene, med unntak av at landsnamnet og nokre andre stadnamn har kvar si form på dei to måla, og ved at offentlege institusjonar skal ha ei bokmålsform og ei nynorsk-form når dei einskilde orda i namnet er ulike i dei to måla. Fram til lov om stadnamn vart vedteken i 1990, var hovudregelen i stadnamnnormering at ein skulle fylgja nynorsk rettskriving. Lova oppheva denne regelen og innførte prinsippet om at ein skal nytta den rettskrivingsforma i bokmål eller nynorsk som ligg nærast uttalen. Sidan målføregrunnlaget svarar best til det nynorske systemet, vil nynorskformer framleis vera mest aktuelle rundt om i landet. Med det aukande omfanget av tillatne målføreformer i stadnamn, som tjønn for tjørn, e-ending i sterke hokjønnsord og fleirtalsendingar som -an, er det rett nok mange avvik frå rettskrivinga.

Fulltekst:

PDF

Innkommende lenker

  • Det er p.t. ingen innkommende lenker.